På biltur i utlandet

Når du skal på biltur i utlandet er det mykje å huske på. For eksempel må ein i nokre land ha med “grønt kort”.

“Grønt kort” vert det kalla på folkemunne, men eigentleg heiter det internasjonalt forsikringskort for motorvogner. I dei fleste land kan ein køyre utan, men det er viktig å sjekke dette før ein reiser. I desse landa må du faktisk ha med deg “grønt kort”:

  • Albania
  • Bosnia-Hercegovina
  • Hviterussland
  • Iran
  • Israel
  • Makedonia
  • Marokko
  • Moldova
  • Montenegro
  • Russland
  • Serbia
  • Tunisia
  • Tyrkia
  • Ukraina

Skal du reise til Sør-Europa ellers anbefalar vi uansett å ta med “grønt kort”.

Her er nokre andre gode råd om du skal feriere på vegen.

  1. Pakk smart
    Ikkje kast alt inn i bagasjerommet på måfå, det er faktisk veldig viktig å pakke smart! Den største og tyngste bahasjen skal ligge nederst og så langt fram i bagasjerommet som mogleg. Dette gir betre køyreeigenskapar, og er i tillegg mykje sikrare. Dårlig pakka bagasje kan bli livsfarleg i ein kollisjon.
  1. Sikre lause gjenstandar
    Ved bråstopp eller kollisjon kan lause gjenstandar vere livsfarleg. Ikkje la harde gjenstandar ligge usikra. Kompaktkamera og iPad kan gi store skader ved bråstopp.
  1. Sjekk lufttrykket
    Skal du køyre mykje på motorveg og/eller med tung last, må du huske å auke lufttrykket i dekka. Det skal vere 10% høgare trykk enn ved vanlig “kvardagskøyring”.
  1. La ikkje bagasjen ligge aleine
    Ikkje la bagasjen ligge utildekt i bilen. Dersom de har så mykje bagasje at de ikkje får dekt bagasjerommet er det best å ta med tinga dykkar.
  1. Ver obs på vêret
    Ver merksam på vêrforandringar. Vannplaning, tåke, og plutseleg glatt veggbane er skuldig mange ulykker. Tilpass farta etter forholda, og husk gode vindusviskarar i tilfelle regn.
  1. Ha veghjelp klart
    Ha nummeret til veghjelp lagra på mobilen. Våre forsikringar Delkasko, Kasko, og Bilekstra har veghjelp inkludert.
  1. Ta med reservenøkkel
    Husk reservenøkkelen til bilen. Det kan vere vanskelig å skaffe ny om du mister nøklane.
  1. Ta gode pauser
    Det er viktig å ta gode, hyppige pauser frå køyringa. Kvar andre time er ein god tommelregel på langkøyring.

 

God tur, og god sommar!

Henter pris