Køyring på vinterføre

Mange skal kanskje køyre heim til jul medan andre kanskje køyrer til hytta for å feire høgtida. Uansett kvar du skal er det viktig å vere medviten om køyreforhold og føre.

Forholda på vinteren kan vere varierande og det er viktig å passe ekstra på. Dette gjer turen sikrare for deg og andre bilistar. Her har vi samla nokre råd for køyring på vinterføre.

Om du skal ut å køyre er fyrste bud sjølvsagt å sjekke vêrmeldingane der du er og eventuelt dit de skal.

I tillegg er det, uansett føre, viktig å bruke beltet rett. Sjekk spesielt at borna bruker beltet rett. Ta av tjukke jakker slik at beltet ligg så nært kroppen som mogleg. Om de skal ha med Fido eller Pusur må dei også sikrast før bilturen.

Køyrer du med piggfrie dekk kan det vere lurt å ha hurtigkjettingar liggande i bilen. Dei kan lett leggast på om du har problem med å kome fram.

Bremselengda på snø er minst dobbelt så lang som på tørr asfalt, så du gjer vel i å holde god avstand til køyretyet foran. Køyr etter forholda.

Det er lett å bli stressa i lange køer, men hold hovudet kaldt. Unngå å ta unødvendige forbikøyringar.

Om du skal ha med mykje baggasje, skiutstyr og heile pakka må de pakke smart. Legg det tyngste nederst og så langt framme som mogleg. Hugs at ein fullpakka bil ikkje køyrer på same måte som når den er tom.

Pass på at varseltrekanten og refleksvesten ligg lett tilgjengelig.

Om du skal køyre over fjell er det lurt å pakke varme klede, mat, vatn, og varm drikke. Om du då plutselig står fast ved ein overgang er du litt betre rusta for ventinga.

Køyr etter føret. Du bør ligge under fartsgrensa om du køyrer på is, slaps eller glatt underlag elles. Bremselengda kan vere fire gonger så lang på glatt føre. Ta gjerne nokre små “bremseprøver”, der du bremser i svært lav fart for å teste føret.

I tillegg til is er det viktig å passe seg for slaps. Køyrer du på slaps kan du plane som under vannplaning. Slik “slapsplaning” oppstår mykje lettare og i lavare hastigheit. Køyr forsiktig og tilpass farta etter forholda.

Det aller viktigaste rådet er uansett å vere medviten om forholda. Tilpass farta og bruk hovudet – køyr etter forholda.

Vil du lese meir om sikkerheit på vinterføre? Sjekk tryggtrafikk.no. God tur!

Henter pris

Vil du snakke med oss?

Legg inn telefonnummer,
so tek vi kontakt seinast neste arbeidsdag.
Fyll inn felta under, so tek vi kontakt seinast
neste arbeidsdag.

Kontakt meg

Kontakt meg
Vil du heller skrive til oss? Vil du heller snakke med oss på telfon?

Takk for din henvendelse

Vi svarer deg seinast neste arbeidsdag
Tilbake