Har du fylt feil drivstoff? Det har Kjell.

Feilfylling er fort gjort, og kan skje kven som helst. Til og med Kjell her i Møretrygd har gått på ein smell.

Kjell stoppa for å fylle drivstoff på Moa. Han køyrde ein ny, miljøvennlig dieselbil. Dette stod han å tenkte på – kor miljøvennlig den nye bilen var. Hjerna styrte difor handa mot den grøne fyllepumpa. Grønt = miljøvennlig. Kjell fylte 19 liter før hjerna slo alarm. Kjempeflause!

Kjell var heldigvis ikkje rådlaus. Han dytta bilen til ein ledig parkeringsplass, og ringte til bilverksted som henta bilen. Kjell ringte så Runar i Møretrygd, ein ekspert på skadehandtering av bil. Runar fortalte at feilfylling er dekka av kaskoforsikringa, og det berre var vanlig eigenandel på skada.

  • Ei feilfylling kan variere i kostnad frå 1000,- og opptil 40.-50.000,-. Dette er avhengig av kva drivstoff som er feilfylt, biltype, og kor langt bilen har køyrt, fortel Runar som ellers har følgande råd:

Bensin på dieselbil

Om du er heldig nok til å oppdage feilen medan du fyller er mykje redda allereie. Hold hovudet kaldt, og ikkje start motoren. Dytt bilen bort frå pumpene, og ring bilbergar og forsikringsselskap. Bilen må på verksted for å bli tømt og reingjort for bensin.

Dersom du ikkje oppdagar feilen før du byrja å køyre er det viktig å stoppe så fort som råd. Ring bilbergar og forsikringsselskap og få hjelp og råd.

Diesel på bensinbil

Fylling av diesel på bensinbil er ikkje like dramatisk sidan diesel har smørande effekt. Uansett, stopp bilen så fort du oppdagar feilfyllinga. Kontakt bilbergar og forsikringsselskap. Bilen må på verksted.

Unngå feilfylling

Uhell vil alltid skje, sånn er det berre. Det luraste for å unngå feilfylling er nok å roe ned og tenke seg om før ein fyller tanken. På mange bilar står det kva type drivstoff dei skal ha på innsida av tanklokket. Dersom det ikkje gjer det på din bil kan du jo klistre på ein merkelapp sjølv.

Henter pris