Ferieklar bustad

Det er fleire forhåndsreglar du kan ta for å sikre heimen din medan du er på tur.

Rannveig her i Møretrygd har nokre småting ho gjer før dei reiser. Ho er medviten om å ikkje rydde opp alle leikene før dei reiser. Ligg det leiker ute så ser det gjerne litt meir bebudd ut.

– Eg set gjerne eit par støvlar utanfor døra også.

Det er nok fleire enn Rannveig som har slike triks for å få heimen til å sjå bebudd ut medan dei er borte. I tillegg til dette er det fleire ting som er smart å tenke over før ein reiser bort.

Ver varsom på sosiale medier
Det er ingenting gale med å dele opplevingar og feriekos på sosiale medier, men ta visse forhåndreglar for kva du deler. Ikkje skriv når du reiser eller når ein kjem, så er det litt vanskeligare å vite når huset faktisk er tomt.

Illusjon om at du er heime
Dette er som nemnt eit populært triks. Få det til å sjå ut som du er heime ved å ikkje rydde for godt. Nokre let bilen stå ute heller enn i garasje også. Be nabo eller bekjente om å ta inn posten for deg. Eit anna triks er å få nabo til å kaste litt søppel i søppeldunken din.

Ta ut kontaktene
Dra ut stikkontaktene på elektriske apparat som TV, Playstation, radio, og liknande.

Alarm til alarmsentral
Det er lurt å ha alarmar som er kobla til alarmsentral. Dette gjeld brannalarm, innbruddsalarm, og liknande.

Steng vatnet
Husk å stenge vatnet før du reiser, i alle fall til oppvaskmaskin og vaskemaskin, eller andre ting som har trykk i ledningane.

God lås
Dei fleste tjuvar går både inn og ut gjennom døra. Pass på at du har FG-godkjent lås. Her er det viktig å ikkje gløyme veranda- og vaskeromsdører. Desse bør også ha skikkelig lås.

Gode naboar
Heilt til sist er kanskje det enklaste og beste rådet. Be naboar sjå etter huset med jamne mellomrom.

Henter pris

Vil du snakke med oss?

Legg inn telefonnummer,
so tek vi kontakt seinast neste arbeidsdag.
Fyll inn felta under, so tek vi kontakt seinast
neste arbeidsdag.

Kontakt meg

Kontakt meg
Vil du heller skrive til oss? Vil du heller snakke med oss på telfon?

Takk for din henvendelse

Vi svarer deg seinast neste arbeidsdag
Tilbake