“Grønt kort” vert det kalla på folkemunne, men eigentleg heiter det internasjonalt forsikringskort for motorvogner. I dei fleste land kan ein køyre utan, men det er viktig å sjekke dette før ein reiser. I desse landa må du faktisk ha med deg “grønt kort”:
- Albania
- Bosnia-Hercegovina
- Hviterussland
- Iran
- Israel
- Makedonia
- Marokko
- Moldova
- Montenegro
- Russland
- Serbia
- Tunisia
- Tyrkia
- Ukraina
Skal du reise til Sør-Europa ellers anbefalar vi uansett å ta med “grønt kort”.
Her er nokre andre gode råd om du skal feriere på vegen.
- Pakk smart
Ikkje kast alt inn i bagasjerommet på måfå, det er faktisk veldig viktig å pakke smart! Den største og tyngste bahasjen skal ligge nederst og så langt fram i bagasjerommet som mogleg. Dette gir betre køyreeigenskapar, og er i tillegg mykje sikrare. Dårlig pakka bagasje kan bli livsfarleg i ein kollisjon.
- Sikre lause gjenstandar
Ved bråstopp eller kollisjon kan lause gjenstandar vere livsfarleg. Ikkje la harde gjenstandar ligge usikra. Kompaktkamera og iPad kan gi store skader ved bråstopp.
- Sjekk lufttrykket
Skal du køyre mykje på motorveg og/eller med tung last, må du huske å auke lufttrykket i dekka. Det skal vere 10% høgare trykk enn ved vanlig “kvardagskøyring”.
- La ikkje bagasjen ligge aleine
Ikkje la bagasjen ligge utildekt i bilen. Dersom de har så mykje bagasje at de ikkje får dekt bagasjerommet er det best å ta med tinga dykkar.
- Ver obs på vêret
Ver merksam på vêrforandringar. Vannplaning, tåke, og plutseleg glatt veggbane er skuldig mange ulykker. Tilpass farta etter forholda, og husk gode vindusviskarar i tilfelle regn.
- Ha veghjelp klart
Ha nummeret til veghjelp lagra på mobilen. Våre forsikringar Delkasko, Kasko, og Bilekstra har veghjelp inkludert.
- Ta med reservenøkkel
Husk reservenøkkelen til bilen. Det kan vere vanskelig å skaffe ny om du mister nøklane.
- Ta gode pauser
Det er viktig å ta gode, hyppige pauser frå køyringa. Kvar andre time er ein god tommelregel på langkøyring.
God tur, og god sommar!