Husk å skifte dekk!

Det er ikkje lenge igjen til vi bør skifte til vinterdekk.

Det er opp til sjåføren sjølv å vurdere om køyretyet har godt nok veggrep. Du får betre grep på glatte vegar ved å nytte vinterdekk, anten dei har piggar eller er piggfrie.

Det er viktig å merke seg at du ikkje kan skifte til piggdekk før 31. oktober. Dei må i tillegg takast av seinast første mandag etter 2. påskedag. Desse reglane gjeld for alle fylker unntatt Nordland, Troms og Finnmark der du kan nytte piggdekk 15. oktober til 1. mai.

Piggfrie vinterdekk har ikkje frist for bruk.

Det skal nemnast at du kan bruke piggdekk og kjetting ellers også om føret krever det.

Desse krava til dekk om vinteren gjeld for køyrety opp til 3,500kg i totalvekt.

Kravet om mønsterdybde på minimum 3 mm gjeld uansett dekktype. Nærmar du deg grensar gjer du vel i å bytte. Piggar er berre tillete på vinterdekk, med unntak for motorsykkel og traktor. Alle hjul på køyretyet må ha vinterdekk om dette skal nyttast.

Det er viktig å nytte vinterdekk når det er skikkelig vinterføre, for eksempel snø og is. Sommardekk har ikkje tilstrekkelig veggrep.

Vil du lese meir om dekk og dekkskifte? Sjå vegvesen.no/dekk

Henter pris

Vil du snakke med oss?

Legg inn telefonnummer,
so tek vi kontakt seinast neste arbeidsdag.
Fyll inn felta under, so tek vi kontakt seinast
neste arbeidsdag.

Kontakt meg

Kontakt meg
Vil du heller skrive til oss? Vil du heller snakke med oss på telfon?

Takk for din henvendelse

Vi svarer deg seinast neste arbeidsdag
Tilbake